lørdag 11. juli 2009

Kjøpt glede.....;.)

Etter ein roleg føremiddag gjekk vi ein liten tur inn til Ribe.



Her hadde Eldste jenta og eg funne ein butikk som vi gjerne ville ta turen innom.










Det var ei oase for oss! På loftet var det hylle på hylle med stoff......... berre sjå kva vi hadde å velje mellom;.)









Dette var det eg fekk med meg...... 3 stoff som skal bli tunika/kjole og eit nøste Kanui som etterkvart skal bli noko fint........
Og til slutt nokre bita med lappestoff.
Det blir mange gode kreative stunder når eg kjem heim.



Kusmi tea var ein av dei tinga eg gjerne ville ha med meg heim frå Danmark.
Eg gledar meg til å nyte den og ei roleg stund i kvardagen.




På tidlege turar i gatene her i Ribe hadde eg sett meg ut desse skoa, i dag var eg innom og jammen hadde dei min str;.) For ei lukke!!!

Dei har same farge som ei skikkveske som eg har hatt ei stund. Eg såg det då eldste jenta har den med på tur. "Synd for deg" var kommentaren ho kom med. Ho har sett på den veska som si ei stund og vil vel nødig overlate den til mora att.....


Go' laurdagskveld!

1 kommentar:

Merete sa...

Stoffbutikker er alltid kjekt å finne, ser ut som om det var mye å velge i her også:-) Lekre sko du fant deg også!