lørdag 1. august 2009

God laurdag!

Det er godt å ha mann og jentene heime att. Det er liv i huset att! Pusen og eg lagar ikkje så mykje liv aleine..... No søv dei minste, eldste har funne "raske menn" på nettet og latterkulene kjem tett;.) Mannen har funne fram platene og snurra i gang platespelaren så det er god lyd i huset frå begge!




Dagen har gått i langsamt tempo. Det er siste helga av ferien til mannen og vi nyt dagane i fulle drag;.9 I dag gjekk det å sitte ute og nyte kaffi, selskap av mannen;.) og radioen til handsaumen. Det er godt! Ein liten tur til byn for å handle knappar til jakka mi og litt meir stoff.... Eg har ei veske som eg så gjerne skulle laga......





Jakka har eg spøta på i bilen i Danmark og Norge. Den var ferdig montert, så prøvde eg den og likte ikkje ermane;.( Det gjekk fort å få ermane av og rekkje opp att. No er første erme ferdig og neste skal leggast opp i kveld.









På kveldsturen min så eg at dette treet har starta med å skifte farge på lauvet. Vel, eg er ikkje klar for hausten endå. Eg vil ha litt meir sommar først! Juli har ikkje gitt den store sommarfølelsen....;.)

Eg satsar på at august blir fin;.)

Ha ein flott augstkveld!

Ingen kommentarer: