søndag 2. august 2009

Uteliv er godt!


Om morgonen brukar eg å gå ut på altanen å "snuse" på den nye dagen;.) Då eg gjorde det i dag kjende eg at noko hadde skjedd med temperaturen! Det var varmt så eg kunne kaste genseren att! Det gjorde godt.

Etter ein god kaffikopp med selskap av mannen, handarbeid og quilteblad.... og med nokre av mannen sine gode plater i øyrene;.) kjende eg at eg trengde ein tur i skogen. Mannen ville vere med og det er kjekt!

Turen gjennom skogen går rett nedanfor eit byggefeltet og det var ei summing som eg først trudde var kantklypping, men nei, det var nokre karar som kosa seg med å køyre fly. Det surra over oss og fleire gangar lurte eg på om eg skulle får det i hovudet, men når eg såg opp var det god avstand;.)



Om det var slik at eg skulle imponere mannen veit eg ikkje, men eg gjekk ei ekstra sløyfe i dag og når vi var kome ut av skogen, konstaterte mannnen at eg nok hadde gått vel langt i dag, og det måtte eg nok seie meg einig i. Den siste biten gjekk i "lusetempo" og det var ikkje godt å gå, vel eg lærer vel ein gang....;.)
Det var difor godt å legge seg litt nedpå før eg kunne sette meg ut å nyte den fine dagen. Eg starta med å sy lukkekanten på dukane/brikkene mine som eg skal ha på kjøkkenet.

Mannen hadde fleire plater han ville lytte til så det var ei god stund med god musikk og lydar frå naboen som og brukte dagen ute.


Ei god stund der eg kunne nyte "Nuet" og det gjorde eg!


No er temperaturen sunke att og regnet kome.
Mannen kom til at på dei 4 vekene han har hatt ferie, så har det vore litt regn kvar dag der han har vore!
Ja, ja godt han skal på jobb att i morgon så vi kan sjå sola att!;.)
God augustkveld til deg, med eller utan regn....

Ingen kommentarer: