mandag 3. august 2009

Troll i ord.....

Ups, så vart det ein nydeleg sommardag i dag, med sol og god temperatur;.) og mannen på jobb..... Det er som om det gjekk troll i ord....

Minstejenta har også vore i barnehagen og det vart eit gledeleg gjensyn med venner som ho ikkje har sett på mange veker. Ho gledar seg til i morgon når ho kan vere i barnehagen att og ha så mange å leike med;.) Det gjer mora varm om hjertet, for å veit eg at ho har det godt der.



Eg har kosa meg med litt stoffbitar også i dag, eg forelska meg heilt i dette nydelege soffet med kvite små prikkar og roser.





Eg skal kombinere det med dei andre stoffa på biletet og lage meg nok ei veske..... Eg har kjøpt mønsteret for ei tid tilbake og gledar meg til å prøve det;.)







Eg er og snart klar til å quilte desse blokkene før eg skal sy dei saman.


Eg har hatt ein del pausar i dette arbeidet, eg trur at det var måten vi sydde den første blokka på som gjorde at dette har vorte eit arbeid som blir liggande....



Den første blokka er den som er heilt turkis.....




Eldste jenta og eg har hatt eit samarbeid i dag og det resulterte i desse pizzasnurrane. Eg lagde deiga og ho gjorde resten. Det smakte nydeleg og var kjekt å kunne servere til søstera mi med familie då dei kom heim frå ferietur og henta pusen. Det vart ei god stund ute, med gode historier frå ferieturen.





No har eg tenkt å sette meg ut att med eit handarbeid å nyte sommarkvelden, det gjeld å gjere det medan vi har den;.)

God kveld til deg!

Ingen kommentarer: