mandag 17. august 2009

Er turkis med sirklar ein favoritt.....?






Plutseleg kom denne stoffbiten og den nyinnkjøpte koppen attmed kvarandre...... Skal tru kvifor desse har funne vegen inn i vårt hus...;.)

Kan det vere at det er det noko med det finaste eg veit.....?









I dag har det vore skulestart her i huset.

Ei har starta på ungdomsskulen, ho er ikkje heilt sikker på om det er ok, vel i løpet av ein dag eller to reknar eg med at det er ok;.)

Mellomste har berre bytt klasserom, og fått nokre nye vaksne. Ho er godt nøgd;.)

Yngste har starta i utegruppa og er no ein av dei eldste i barnehagen og ein veks mykje! på det;.)


Bøkene til mellomste fått bokbind, lappane som skal lesast og fyllast ut er lagt fram, samt ei utskrift til mora.....

Ein god start på ein ny epoke. No gjeld det berre å få mora i gang att. Ho har nokre dårlege dagar, men dei går nok over denne gangen og;.) Eg fann trøst i eit nytt mønster her i dag og det er alltid kjekt å finne;.)

Ha ein fin dag!

2 kommentarer:

Bente sa...

Det var ein nydelig kopp, stoffet var flott og. Turkis og svart er berre lekkert :-)

Laila sa...

Kjempelekker kopp. Stod ufatteleg fint til stoffet :)