torsdag 6. august 2009

Florøidyll i duskregn.

I går gjekk eg kveldsturen min langs Storevatnet. På ettermiddagen regna det, eller det vil seie himmelen opna seg, alle sluser opna seg og det vart vått, veldig vått! Tur i skogen på ein våt sti med glatte røter freista ikkje, så då vart det grusvegen langs det idylliske vatnet som ligg midt i byen. Det er ein fin tur å gå langs med vatnet. Det var framleis duskregn, og det skapte ei fin stemning. Det er ikkje lett å fange det med kamera, men her kjem eit knippe bilde frå turen.





















Eg broderer framleis på nye englar og så har eg jammen kome så langt at eg har quilta to blokker på teppet;.) Det kan hende at det blir ferdig...;.)





















No skal eg brodere litt meir og kose meg med muffins til ein tekopp. Eldstejenta har laga muffins, så no skal vi nyte dei, livet og "nuet" Vi har det godt!

1 kommentar:

Karen Klarbæk sa...

Dejlig stemning. Jeg elsker alt hvad der har med skovbund at gøre....
Tak for hilsen på min blog.
Ja, der kommer rigtig mange søde småmøsntrede metervarer ud lige nu....lige til at sy tøj af også.

Karen