fredag 7. august 2009

Åhhhhh..................

Eldste jenta "hufsar" seg fordi ho har lyst å forandre rommet sitt. Måle, nye møblar, helst nytt rom.... Ja, ja eg huskar då eg var på hennar alder, eg ommøblerte rommet med kvart. Eg ville og endre fargen som var lys blå, Eg fekk ny tapet, etter nokre år....


Ho har prøvd å sjå føre seg korleis ho vil ha det, men finn ikkje ut av det. Når faren prøver å spørje ho korleis ho vil ha det, kva ho vil ha. Greier ho ikkje å svare på det. Det får vel modne litt så finn vi nok ut av det;.)

Det fekk modne i ca 5 min før faren, som er skipsingeniør seier du får teikne fleire alternativ, du kan vel gjere det på PC'en din?..... Jobben hans går bla. ut på å lage brennegrunnlag til produksjonen av skip på skipsverftet. Enkelt sagt, veldig enkelt, brukar han dataprogram til å
teikne og tilpasse "mønsteret" til stålkonstruksjonar til skipet, som nokon i produksjonshallen seinare brukar til å brenne ut "stålbitane". (Omtrent som eg legg mine mønster på stoffa før eg klipper ut..... )



Vel dei to sette i gang og fann eit program ho kunne bruke;.) Dei putla på og etter ei stund måtte eg kjenne sjølukt.









Etter ein liten biltur kunne eg parkere og tusle ned ein grusveg, det var godt for ryggen;.)












Eg gjekk ned til sjøen og svaberga











og sette meg ned for å nyte roa, sjølukta, og synet av sjøen.











Det var ei god stund, det var ikkje lett å rive seg laus.....








Vel heime fekk eg sjå smil og resultatet av teikninga.







I dag sette ho på ei lydbok med Harry Potter på anlegget og gjekk i gang.

Som de ser er det ein del som skal flyttast på, men ho er framleis med friskt mot;.)








Eg har pusla litt utanfor huset, nokre av krukkene som eg planta stemorsblomar i tidlegare har sett sørgjeleg ut ei tid, dei er no erstatta med noko nytt.


På runda rundt i hagen fann eg at eg har blomar på rododendronen.....;.) Vel det er klematisen som har funne ut at dette er ein ypparleg plass å vekse....




Kaprifolen blømer endå, det har den gjort i heile sommar.



Den breier seg litt lenger langs gjerdet kvart år, det synes eg at den gjerne kan gjere;.)


No har gått fleire dagar utan at eg har sete med symaskina, eg har kosa meg med handsaum, men no trur eg jammen det at eg må sy med maskina, tenk om eg skulle gløyme korleis eg skal gjere det.......;.)

Ha ein fin kveld!

Ingen kommentarer: