mandag 10. august 2009

Blokker, vesker og sånn.....

Eg har mange prosjekt å gang for tida, det er ganske vanleg for det er så mykje eg har lyst å lage. Eg hentar mykje inspirasjon frå bloggar rundt om og når eg går på turane mine vandrar tankane og ideane kjem. Dei tek gjerne utgangspunkt i inspirasjonen eg finn på nettet eller eg lagar tinga omtrent etter mønsteret, men i mine fargar og stoff...;.)
Og har eg fått ein ide, så vil eg så gjerne prøve den med ein gang, er det nokon som kjenner seg att?

Dei prosjekta eg har på gang for tida er mest handsaum, enten quilting eller broderi. Det er ting som tek litt tid og då blir lysta til å lage noko anna ganske stor og lysta til å sy på maskin kjem snikane. Det resulterer gjerne i småting som oftast gåver til venner og slekt.


Denne gangen var det til ein gut som eg er faste til, dvs sonen til eine broren min. Han blir 8 år i morgon, men vi var heldige å vert invitert i selskap i går.

Eg sydde denne veska til han, men tenkte at han mått få litt meir. Han er veldig glad i traktorar og gravemaskiner. Denne gangen fann eg Technic Lego, som ein kunne velje å bygge traktor eller motorsykkel av delane. Den putta eg opp i veska og eg trur faktisk at han likte både lego'en og veska.

Som de ser har eg sydd namnet hans tvers over heile veska, så det ikkje skal vere tvil om kven eigaren er;.)






Eg har og ei tid tenkt å lage ein pompadur som eg kan ha nøste i, når eg strikkar eller hekler med berre ein farge. Då slepp eg at nøstet trilla av garde enten eg er inne, ute eller på biltur;.)

Eg brukte litt av restane frå veska som eg held på å brodere englar på. Og som de ser er den
allereie teke i bruk.




Eg har og handquilta 4 av blokkene til teppet, og då har eg berre 2 att før eg kan sy det saman.

Framsida skal syast med maskin, medan baksida skal syast saman for hand. Når det er gjort skal eg finne stoffet som passar til lukkekanten. Det er eit stykke fram til det er ferdig, men det gjev mange fine sy-stunder.

No må eg gjere noko ferdig før eg startar på eit nytt prosjekt. Det skal eg når det gjeld hekl, strikk og handsaum. Men eg har ikkje noko prosjekt med symaskina for tida, så der kan eg kanskje starte på noko nytt.... eller.....;.)

Ha ein god dag med gleder!

2 kommentarer:

KariL sa...

Du er jommen produktiv. Pompaduren din var ein riktig god ide. Fin var den også. Blokkene dine til teppet er nydelige. Eg held på med siste blokka før all quiltinga. Skuldrane er ikkje OK for tida, så det blir lite gjort.

Laila sa...

Nydelege blokker du har laga her. Fargar som er gode i lag :) Pompaduren var kjempesmart.