tirsdag 11. august 2009

Holme


Søndag var vi i bursdagsfeiring, og kjekt var det at alle søskena og foreldra til både broren min og svigerinna mi var der, alle ungane våre og fasta til svigerinna mi.



Det er alltid kjekt å vere på Holme der bror min bur saman med sin familie, og svigerforeldra i nabo huset.


Det er ei perle!
Det ligg fint til på ein holme og det er 4 andre tun på holmen.




Eg gledar meg alltid når vi kan ta turen dit. For det første er det hyggeleg fordi dei som bur der er grådig kjekke å vere saman med og så er det ei perle av ein plass.



Rett ved sjøen, koseleg rundt husa og eigen badeplass. Det er eit eldorado for ungane, og vi er heldig som kan få komme dit!



Med fint og varmt vær vart badeplassen brukt og svigerfaren til broren min var grei og tok båten slik at dei av ungane som ville har fart og vassleik fekk prøve det.


Ein kjekk ettermiddag i godt lag! Vi er heldige;.)

Ingen kommentarer: