tirsdag 25. august 2009

Heldiggris;-)

I går var første møte i quiltegruppa for denne sesongen. Eg var den "heldige" som skulle vise og forklare. Det var veldig kjekt at mange hadde funne vegen dit for ein ny sesong med kjekt sosialt samvære og kjekke prosjekt som vi kan lage.




Kvar gang har vi kaffipause med godt attåt og loddsal, og gjett kven som var ein av vinnarane!;.)


Eg kunne gå heim att, sliten men godt nøgd etter ei kjekk stund med prat, latter og ny inspirasjon i form av å sjå kva fint dei andre har kosa seg med å lage i sommar og to stoffbitar rikare!



Det som var ekstra kjekt var at vi var to som vann stoffbitar fekk fargar som passa perfekt! Eg som er veldig glad i lilla vann det og ho andre er veldig glad i blått og gjett kva farge det var på hennar stoffbitar?;.)


Eg har og "putla" på med litt til Kreativiteten.

I september er det 5 år sidan foreininga var starta og vi driv difor å planlegg jubileum.
I den samanheng vil vi lage jubileumsutstilling av dei tinga vi har laga på tema- og aktivitetskveldar i desse 5 åra.
Eg fekk utfordringa å lage "overskrift" og det har eg leika meg med.
Så no er det berre å vente på at medlemmene tek med seg nokre ting kvar, slik at vi kan stille dei ut i bua vår.

Ha ein fin kveld!

2 kommentarer:

LeKaQuilt sa...

Så heldig du var! Stoffene er nydelige. Lykke til med utstilling :o)

Merete sa...

Lekre stoffer du fikk. Flott veske du har sydd også!