lørdag 22. august 2009

Laurdagskos;.)


I dag gjorde eg ferdig veskene eg hadde i bestilling og fekk dei av garde.
Det er ei kjekk, lita veske å sy.
















Denne gangen hadde eg to stoff til framstykka, og eg lagde to av kvar farge for eg varierte måten eg sette saman firkantane.

Då har mottakar litt å velje i;.)
















Dagen har gått i roleg tempo og eg har laga smykke-posar til eldstejenta.



Ho ville gjerne ha nokre då ho skulle gje vekk smykke i gåve. Ho valde stoffa og det kvite vart gitt vekk, men den grøne ville ho ha sjølv;.)


I sommar kjøpte ho seg ei lita veske. Ho likte så godt sløyfa som var på, og var lei seg då ho oppdaga at den hadde dotte av. Det er ikkje all pynten som blir festa like godt, det har vi erfart.....



Vel godt er det då at ho mor har svart lin som passar i fargen på veska og kan sy ei ny sløyfe. Den er no festa godt med nokre sting slik at det skal litt til for at den skal forsvinne. Jenta er svært nøgd og veska er kome i bruk att.



Ha ein fin laurdagskveld!

2 kommentarer:

Flittige hender sa...

Så nydelige vesker. Stilig med to farger, så flink du er. Det er hyggelig å gi bort noe i pene hjemlagde smykkeposer. Så heldig for din datter at du kunne hjelpe henne med sløyfe på vesken hennes. Lekker veske :0)
Fortsatt fin søndag.

Elin sa...

Det var lekre vesker - fin fasong og fine farger.