mandag 14. september 2009

Mjukt og godt;.)


Eg er svært nøgd i dag! Sola skin;.), eg har gjort borgarplikta mi og kunne bruke den nye favorittjakka mi.
Den vart mjuk og god, nett slik eg håpte at den skulle bli. Det var veldig kjekt å strikke denne ryggen, kjekt å sjå korleis mønsteret kom fram. Eg skal berre strikke ein pinne til.... Då er det kjekt å strikke;.) Men det vart eit heilt anna inntrykk når eg fekk strikka og sydd fast blomane. "Det gjorde susen!"
Eg har blanda Offwhite alpakka og ein champagnefarga? Cotton Viscose det gjev ein varm melert tone. Den litt loddene alpakkaen og den blanke Cotton Viscosen gjev ei nydeleg mjuk henge-jakke som er litt blank i strukturen. Dette vart vanskeleg å forklare!..... MEN eg er godt nøgd og veit at jakka kjem til å bli mykje brukt.
Eg fann og nokre nusselege knappar med blomar på som eg tykte passa til, då er det blomar både framme og bak.....

Eldste dottera lurte på kva eg no skulle gjere, om eg hadde eit nytt prosjekt på gang. Vel, før eg startar med noko nytt skal eg gjere ferdig jakka til søstera mi. Hausten har kome og ho vil nok snart trenge ei varm jakke;.)
Så har eg tråd til nok ei lue til go'jenta og så kan eg tenkje meg.... og så såg eg eit nydeleg mønster..... og så har eg div. prosjekt med symaskina, og litt... vel handarbeidslaus det blir eg ikkje!! .... og godt er no det! ;.)
Ha ein strålande fin haustkveld!

1 kommentar:

KariL sa...

Kjempelekker. Du er ei tolmodig sjel. Håper du får masse glede av den i fine kjølige høstdager.