onsdag 16. september 2009

Fargeglede;.)

Det er haust og tid for å finne fram luer, eldste jenta brukar si kvar dag. Eg tenkte at minstejenta som går på utegruppa i barnehagen og kunne trenge ei lue. Ho brukar ull om vinteren, men no blir det for heitt og ho klør og kastar ullkleda. Eg strikka difor ei gla' lue i bomull til ho. Eg fann eit spennande mønster her, som eg ville prøve til denne lua;.) Mønsteret var enkelt og kjekt og det gav eit fint resultat. Lua er strikka etter fri fantasi....

Eg starta med 93 masker og tråd som passar til p nr 4,5. Eg brukte Bomull sport frå Gjelstdal.
Eg strikka 5 omg vrangbord; 1 r, 1 vr, vidare i mønster til arbeidet målte 17 cm.
For å felle til toppen på lua strikka eg 2 m i staden for 3 i mønsteret på vranga (eg hoppa over kastet i midten), slik at eg felte 1 m jevnt fordelt på omg. Eg strikka enda ei stripe (dvs 2 omg) med 2 m før eg med neste farge strikka 2 m vr saman på 2. pinnen, då vart det 1r og 1vr ut omg. Fargeskift og strikk 2 m saman i 2 omg til 8 m, trekk tråden gjennom dei 8 m. Sy saman lua og fest ALLE trådane og lua er klar til bruk. Solskins-lue til ei solskins-jente;.)
Om du vil må du berre strikke ei lue du og. Str er 3-6 år.
Ha ein fin haustdag!

Ingen kommentarer: