torsdag 17. september 2009

Host og hark.....

Vel, så vart ikkje forkjølinga så lett å bli kvitt som eg trudde og er van med;.(

Det har blitt to dagar på sofaen. Eg prøvde å quilte margeritt-løparen min, men det vart lite med det og. Men gleda er no likevel strikket, som er jakka til søstera mi, ein varm og god tekopp - det er det blitt mange av dei siste dagane;.), og stearinlyset.
Dagane har gått med smertestillande for ein utruleg intens hovudverk, for det meste i liggande stilling, ein pinne eller to på strikket, litt varm te og så tilbake i liggande stilling. No tenkjer eg at det må vere nok og over i morgon, eg vil det!! For no har mannen fått det og det hadde det vore greitt at det er ein frisk vaksen i heimen til å gjere dei tinga som skal gjerast…..
Ha ein god kveld!

4 kommentarer:

Laila sa...

God kveld til deg òg. Det høyrest ut som du treng det mest :) Det er vel grisesykja som er kommen i hus, då?? God bedring i alle fall!

Bente sa...

Uff, dette er noko svineri!!!
Ynskjer deg god bedring :-)

LeKaQuilt sa...

Høres ikke godt ut, nei! Får bare ønske god bedring !

KariL sa...

Ønsker deg riktig god bedring. Luene som du strikker er nydelige. God helg.