
Saman med 17 syglade damer har eg fått mykje inspirasjon, sett mange fantastiske produkt som desse kreative damene har laga. Det har vore eit oppkome av fargar, mønster og stoffkombinasjonar. Utgangspunktet har vore Anne sine modellar og mange fantastiske løparar har vorte laga. Ingen er like til trass for at mønsteret er likt.
Anne har gitt ut boka Symaskinlyd som gjev inspirasjon til å ta fram stoppefoten å teikne på stoffet! Ho er også ein fantastisk person å vere saman med, har eit oppkome av historier som ho gjerne deler med oss. Ho er også ein dyktig historieforteljar som fortel med heile kroppen, som gjer at vi ser det levande for oss når ho fortel. Det er ein opplevelse og lattermusklane mine har verkeleg fått trim denne helga.


Løparane mine skal eg viser fram når dei er blitt quilta.
Her er ein liten smakebit av den eine, Alle desse blomane er no klipte ut og limt på den eine løparen, den er klar til quilting. Den andre har eg ikkje kome så langt på, eg skal klippe ut litt fleire blomar og så skal og så den quiltast.
Eg vil og vise fram det fine bildet som Laila lagde i dag, det skal berre limast fast på ei ramme. Eg har nokre liknande "i hovudet mitt" eg skal berre laga ferdig nokre løparar først.

Tusen takk for ei fantastisk helg til STOR glede og inspirasjon!
1 kommentar:
Det er såå kjekt med slike helgar med masse inspirasjon. Løparen din ser veldig spennande ut.
Legg inn en kommentar