lørdag 19. september 2009

SMILE

...... Det gjer eg i dag.

- Forkjølinga er på tilbaketog og takk for alle gode kommentarar til siste innlegget;.)

- Eg har fått rydda huset, som av uforståelege årsaker ikkje blir rydda med mora på sofaen.....!;.)

- Mannen og eg skal få vere med å feire 2 X 50 år i kveld;.)

- Og eg fekk ei god og stille morgonstund i dag før resten av huset vakna til liv. Det er vedunderleg å berre kunne kveike stearinlyset, for gleda for dagslyset kjem enno tidleg;.) Brygge seg ein stor, varm og god kopp te, finne fram det handarbeidet som eg har mest lyst å halde på med og så nyte stillheita i huset, med radioen så lågt på som eg likar når eg er aleine;.)

 Det er beint fram lukke å få denne stunda før eg kan ha ein lang og god frukost med dei eg er så heldig å dele hus med;.) Høyre på draumane som jentene har hatt om natta og elles pludring om draumar eller ting dei har opplevd eller ynskjer å oppleve.

Høyre på mannen som kjem med utfyllande kommentarar om musikarar eller låtar på radioen. Det er lukke og får meg til å smile;.)

Ha ein god laurdagskveld!

2 kommentarer:

Berit sa...

Hei!
Tittet innom bloggen din. Den var koselig og har en positiv vinkling. Fikk meg til å stoppe litt og nyte øyeblikket, samt kjenne på mine små godt lagrede "gylne stunder." Titter nok innom om ikke så lenge.
Berit

KariL sa...

Godt å se at du koser deg. Nydelig stichery.