torsdag 10. september 2009

Travel haust!


Det har vore ei travel tid med mange møter i dei siste vekene. Eg har fått nokre små stunder med symaskina og er nesten klar til quilting av dei nye dukane mine. Her er ein liten smakebit.
Eg skal legge inn eit betre bilde når dei er ferdig quilta;.)



Dei små stundene eg har hatt til handarbeid har elles gått med til å sy lukkekant på ein løpar som har vore klar til det lenge.... og så kom eldste jenta og ville så gjerne ha nokre nye luer. Eg har strikka ei og har tråd til endå ei.
Det er kjekt å spøte desse luene, ho vel farge og fortel kva mønster ho likar, denne gangen er det fletter som er fint.
Det er ganske fritt og då likar eg meg;.) då kan eg boltre meg med nyansar og ulike mønster.
Den eine er ferdig og teke i bruk. Fargen eg hadde funne var midt i blinken og flettemønsteret fall i smak. Det er kjekt når arbeidet blir sett pris på og at jenta vår veit kva ho vil ha og torer å skilje seg ut, og ikkje berre bruke det som alle andre har. Det spørs om ho er litt lik mora der......

No håpar eg at eg snart kan tusle inn til symaskina og starte quilting av dukane mine. Eg skal berre få nokre gull i senga først;.)


Ha ein flott kveld!

4 kommentarer:

Laila sa...

Flotte dukar du har sydd. Den ruteborda passa utruleg fint.

Bente sa...

kjempefine dukar. Nydelige fargar :-)

KariL sa...

Enda flere flotte duker. Nydelig lue. Ha en riktig god helg

Lappesola sa...

Hei navnesøster. Så mange fine ting du lager.

Ønsker deg ei fin uke.

Hilsen Sol