tirsdag 13. oktober 2009

Ein ny veke......

Etter ei fantastisk helg med kurs med ein fantastisk lærer, Ann A. Kanstad Johansen, og litt mysteriesaum inn i mellom.... har eg i dag gjort lite med symaskin og fargestift.

Eg vil berre seie at eit kurs med Ann er vel verdt å få med. Ho er fantastisk dyktig og er svært flink til å lære frå seg. Ho tek og med ting som ikkje høyrer til temaet på kurset. Så er det kurs nær der du bur så meld deg på å ha ei fantastisk fin helg! Ho er og svært kjekk å vere saman med, "varm", med latter og godt humør og imøtekommande!


Eg trengde ein dag på sofaen, liggande, men det var heilt greitt. Eg har mange idear med paintstiks som "har surra rundt" i hovudet og eg har surfa litt rundt og sett på dei fine julemysteria som er laga i helga.
Eg har ikkje bestemt meg om eg lagar gryteklutar eller noko anna, men det kjem her om litt;.) Her fekk eg og mange idear.....



Tusen takk til Nina som har gjort det mogeleg for oss å lære nytt, finne mange flotte bloggar å kikke innom og gleda av å kutte stoffbitar utan å vite kva det skal bli. Det set i gang kreativ leik med lappane og det er alltid kjekt!




Bilde av mysteriet og kurshelga kjem om litt, når eg har fått laga mysteriet og lasta inn bileta frå kurset....
Bileta i dette innlegget har eg teke på turane mine, det er litt forskjellig som har fanga mi interesse. Dei er til glede for meg og kanskje for deg;.)








Og så eit lite bilde av kosen som eg har etter turen.... kaffelatte med akasiehonning.... mmmmm..... Det er også glede!


Ha ein fin dag!



1 kommentar:

KariL sa...

Takk for godt selskap på kurset. Det lukter paintstick hjemme hos meg, tørking i ovnen på småprosjektene gikk fint. Du tar så mange fine bilde, kjekt at du deler de med oss. Klem og kos fra meg.