mandag 26. oktober 2009

Familiefeiring av store og små jublieum

Denne helga har vi feira i to dagar.


Vi er så heldige at vi framleis har søstera til bestefar min med oss. Laurdag inviterte ho familie og venner til middag på hotellet i Volda. Ho presiserte at det ikkje var feiring av dagen hennar, men i dag er ho altså 95 år. Og som faren min sa i si tale, om ikkje du vil feire dagen din, så kan no vi få lov til å gjere det! Og det gjorde vi både liten og stor som har hatt "oldefasta", som ho no blir kalla, med oss i oppveksten.


I går kunne vi feire 45-års bryllaupsdag til mine foreldre. Vi gav dei bla. 45 raude roser. Mamma og pappa bydde på bryllaupsmiddag som var lik den dei hadde for 45 år sidan. og det var 5 born, 5 svigerborn og 15 barneborn som var heldige å få vere med på dagen.
Det var ei kjekk stund i stovene til foreldra mine. Det er kjekt at foreldra våre og nyttar anledningar til å samle oss alle.
Ungane kosar seg saman, dei største med kortspel og prat dei minste med leik og ein liten tur innom oss vaksne når det er mat på bordet;.)

Eg spurte ikkje om eg fekk legge inn bilde frå feiringa difor bruker eg i staden nokre bilder eg tok for nokre veker sidan då nattefrosten pynta blomane i hagen .

Eg fekk overlevert korga med utstyr til makramé. Denne veska fekk eg og sydd i veka som var. Den blir nok blir teke i bruk til laddarar og andre leidningar som er ein del av vår elektroniske kvardag;o)

Eg har og fått ferdig denne vesten, den vart strikka ferdig på bilturen frå Florø til Volda. Den er strikka i dobbel tråd, Cotton Viscose.

Moteringa vart gjort over praten vi hadde søndag.
Dei hekla trekantane er sydd inn i sida. Til slutt er det hekla ein picotkant rundt heile vesten. Mønsteret er henta her.

Det var ei god stund saman med familien, der latteren sit laust og nokre av oss slappar godt av med handarbeid i hendene, medan andre slappar godt av med å sjå på at vi andre har handarbeid i hendene......

Ha ein fin dag!

1 kommentar:

Carmen sa...

Very, very beautiful.