Først brukte eg sjablong og gjorde ferdig denne. Matrjosjka, eg er så glad for at motivet no er lett tilgjengeleg:o) Eg har lenge vore glad i denne figuren.
Eg har brukt frysepapir, sjablong og pensla på fargane i blomane og prega bakgrunnen. For å prege mønsteret bak blomane brukte eg bølgjepapp.
Det er no hengt opp til tørk og skal få henge nokre døgn før det skal fikserast og gjerast klart til quilting. Ann hadde brukt motivet på ei veske, eg fablar med tanken på ei pc-veske. Får sjå om størrelsen er ok når det har tørka litt.
Dette bildet gjorde eg ferdig på kurset, og har no tørka og fiksert det. Det skal quiltast og kjem til å endre seg mykje når eg tek meg tid til å gjere det. Det blir spennande å sjå når eg kjem så langt.
Det kjem nok bilde av det når eg har gjort det ferdig......
Ja, det er mykje kjekt ein kan fylle dagen med, når ein må vere lett tilgjengeleg for veslegullet;o)
Ha ein fin og fargerik kveld!
2 kommentarer:
Her var det spennande saker på gang, blir kjekt å sjå ferdig resultat.
God bedring til veslejenta.
Hei!
Det er første gang jeg er på bloggen din. Har kost meg lenge. Du lager mye fint. Her kommer jeg igjenn. ;-)
Legg inn en kommentar