tirsdag 27. oktober 2009

Fargeglede;.)


 I dag har eg vore heime med veslejenta. Ho har hatt litt feber og mage- og hovudverk. Mamma måtte då vere nær og lett tilgjengeleg og det er eg gjerne. Eg lagar plass på fanget eller i sofaen når det trengs og elles, når ho leika litt eller kvilte seg, tok eg fram fargestiftane og gjorde ferdig prosjekta eg starta med på kurset med Ann Kanstad Johansen.


Først brukte eg sjablong og gjorde ferdig denne. Matrjosjka, eg er så glad for at motivet no er lett tilgjengeleg:o) Eg har lenge vore glad i denne figuren.
Eg har brukt frysepapir, sjablong og pensla på fargane i blomane og prega bakgrunnen. For å prege mønsteret bak blomane brukte eg bølgjepapp.
Det er no hengt opp til tørk og skal få henge nokre døgn før det skal fikserast og gjerast klart til quilting. Ann hadde brukt motivet på ei veske, eg fablar med tanken på ei pc-veske. Får sjå om størrelsen er ok når det har tørka litt.


Dette bildet gjorde eg ferdig på kurset, og har no tørka og fiksert det. Det skal quiltast og kjem til å endre seg mykje når eg tek meg tid til å gjere det. Det blir spennande å sjå når eg kjem så langt.

Det kjem nok bilde av det når eg har gjort det ferdig......





Dette stoffet er prøvelappane som vi starta med først i kurset og det skal bli ein løpar med tid og stunder. Eg hadde att ein liten bit som eg farga i dag,  det er og hengt til tørk no i kveld.




Ja, det er mykje kjekt ein kan fylle dagen med, når ein må vere lett tilgjengeleg for veslegullet;o)


Ha ein fin og fargerik kveld!

2 kommentarer:

Bente sa...

Her var det spennande saker på gang, blir kjekt å sjå ferdig resultat.
God bedring til veslejenta.

Karilla sin hobbyblogg sa...

Hei!
Det er første gang jeg er på bloggen din. Har kost meg lenge. Du lager mye fint. Her kommer jeg igjenn. ;-)