fredag 2. oktober 2009

Helgestart




I dag tidleg på morgonturen min såg eg noko merkjeleg......
Det var rundt, gult og strålte så vakkert. Eg måtte berre ta bilde av det....... Det var sola!

Den har vore framme omtrent i heile dag, tenk det! Det gjer så godt å kunne gå ut utan regnklede, men rett etter eg tok bildet regna det…. Det gjorde ingenting, eg toler vatn, og sola kom fram att;.)




Men det er no mykje anna å glede seg over, som dette fine kortet eg fekk til dagen min;.)



Eller denne fine nåla, som visst skal ha ropt "Solveig" til Laila;.) Eg likte godt at den gjorde det.


I går fekk eg sitte med symaskina mi, eg sydde nokre putetrekk som eg har fått bestilling på. Dei skulle vere heilt enkle, men eg måtte berre pynte dei litt......



I morgon skal vi få vere med å feire gullbryllupsdag til mine svigerforeldre. Tenk det, dei har vore gifte i 50 år! Vel, det er godt når ein kan ha det godt saman i så mange år! 13-åringen skal vere konditor att, vi har kjøpt gull shimmer dust!, som ho skal bruke å pynte kaka med. Eg gledar meg til å sjå resultatet


Søndag håpar eg at eg kan prøve filtemaskina som eg fekk til bursdagen, det skal bli kjekt;.)


Håpar du får ei fin helg!

  

2 kommentarer:

KariL sa...

Eg og har sett sola idag, naturen gav oss så mange fine haustfargar at det nesten tok pusten frå meg. Håpar på ein fin dag i morra også. Her nytes det fullt ut. God helg. P.S. Nydelige putevar. D.S.

9na sa...

Så hyggelig at du vil være med på mysteriet mitt! Velkommen!