I går var eg med dei to eldste jentene mine på Kulturkveld. Det er eit tiltak som skulen og 4H har saman. Eg har fått ansvaret for gruppa kunst og handverk eller handarbeid som ein av dei vaksne kalla den;o)

Denne kvelden kan vi vaksne vere saman med ungane i nærområdet. Vi er på skulen og kan bruke kjøkkenet for dei som vil bake, i gymsalen med div. aktivitetar, på sløydsalen og kunst og handverk. Vi er så heldige at dei som er på kjøkkenet vil servere kaffi, saft og bakeverk til oss i løpet av kvelden. Det blir ei kjekk stund for både store og små!
Elles syslar eg med å lage nokre gåver, det er kjekt å finne ut kva som passar av fargar og kva ting som kan passe til den som skal få den. Denne gangen vart det den vesle veska som eg fann mønster på her i sommar.
Den har eg fylt med utstyr til å knyte makramé. Eldste sin kommentar var; "ei slik vil eg også ha, med alt innhaldet og, altså!";o) Då gjer den truleg lukke for den eg har tenkt skal få den og;o)

I dag skal eg nyte sola på turane mine, det gledar eg meg til. Tenk det, vi har kunne sett sola i fleire dagar no, det er stort!
Ha ein solrik og god dag!
1 kommentar:
Så flink du er til å yte dugnad. Kreative skjeler er alltid gode å ha. Flott presang. Skjønar godt at jenta di også vil ha. I morgon skal eg òg ta meg ein føremiddagstur. Avspasserer for å take vare på meg sjølv. Ha ein fin dag i solskinet :)
Legg inn en kommentar