Det eine var boka Maskepi av Tine Solheim. I løpet av helga har eg teke den fram fleire gangar og funne mange prosjekt som eg kunne tenkje meg å lage. Eg vil nok plukke litt her og litt der og sette saman til mitt eige, eg likar det best slik;o) Eg greier omtrent aldri å halde meg 100% til eit mønster enten eg syr, strikkar eller heklar..... Tråden eg kjøpte i Kalvåg passar også perfekt saman med boka..... Men den skal ikkje ligge til pynt, eg skal starte på den ganske snart, med inspirasjon frå boka;o)
Den andre pakken var Broderusk-abonnementet som eg har hos Northern Quilts. Denne gangen var alle stoffa flotte! Det var nydelege fargar og mønster. Eg har allereie starta på eit av prosjekta, men eg laga eit eige stitchery i same stil som det som var på mønsteret.... ;o) Som sagt, eg klarar ikkje å halde meg heilt til mønsteret......
Ha ein fin dag, her ser det ut til å bli ein nydeleg solskins-dag!
1 kommentar:
Hei.
Ser du har fått nokre flotte pakkar i posten ja :) No kan du kose deg med både strikkepinnar og symaskin og sjølvsagt stitchery :)
Kjenner godt til det å ikkje klare å holde seg 100% til mønsteret, men kva gjer vel det? Kjekt å lage sin eigen vri.
Kos deg med prosjekta dine :-D
Legg inn en kommentar