Det eine var boka Maskepi av Tine Solheim. I løpet av helga har eg teke den fram fleire gangar og funne mange prosjekt som eg kunne tenkje meg å lage. Eg vil nok plukke litt her og litt der og sette saman til mitt eige, eg likar det best slik;o) Eg greier omtrent aldri å halde meg 100% til eit mønster enten eg syr, strikkar eller heklar..... Tråden eg kjøpte i Kalvåg passar også perfekt saman med boka..... Men den skal ikkje ligge til pynt, eg skal starte på den ganske snart, med inspirasjon frå boka;o)

Ha ein fin dag, her ser det ut til å bli ein nydeleg solskins-dag!
1 kommentar:
Hei.
Ser du har fått nokre flotte pakkar i posten ja :) No kan du kose deg med både strikkepinnar og symaskin og sjølvsagt stitchery :)
Kjenner godt til det å ikkje klare å holde seg 100% til mønsteret, men kva gjer vel det? Kjekt å lage sin eigen vri.
Kos deg med prosjekta dine :-D
Legg inn en kommentar