lørdag 28. november 2009

Heimelaurdag;o)

I dag har eg sove lenge;o) Det har eg ikkje gjort på lenge! Sein frukost og så pusla vi rundt i huset med støvkost.


Eg plukka fram pynt i lilla, gull og naturkvit. Fram kom og dukane eg brukar i advent. Nokre er lilla med sauer og grisar på, nokre er i lilla, oransje, raud og brun. Ja, eg er glad i fargar! Eg nyt denne tida med desse fargane, levande lys, stjerne i glaset og mørkret ute.

Snart skal eg hente fram julemusikken og gløggen og snart skal julebaksten lukte i huset, mmmm.... det skal nytast i fulle drag! I morgon skal gardinkappene og stjernene på plass i vindauga på kjøkkenet og vi kan kveikje det første lyset.

Eldste har og pusla på og ho har lova at rommet skal verte ryddig..... Plutseleg såg eg at denne var komen fram att. I fjor lagde ho adventskalender til faren og meg! Ho har laga huset sjølv og fyller opp dei små skuffene. I fjor var det gode ord og nissesjokolade som fylte huset, skal tru kva det er i år? Tenk at ho meinar at vi og fortener ein kalender!;o)

Det er godt å vere heime og no skal eg ha meg ein god ettermiddagstur før eg skal plukke fram englane og gjer dei ferdige.

God laurdagskveld til deg!

3 kommentarer:

Laila sa...

Det hjelper godt på "humøret" å få pynte med lys og glitter i denne elles så mørke og trasige årstida. Vi er så heldige å ha sola heile året, og akkurat i dag skin ho nydeleg... Ha ein fin 1. søndag i advent.

KariL sa...

Godtå sjå at du koser deg med adventstida slik som eg også gjer. Eg er ikkje ferdig med å pynte til advent, det tar eg litt på langs. Ha ei god adventstid :o)

Bodil sa...

Så koseleg du har laga det med den fine adventspynten din. Ha ei fin adventstid :)