onsdag 25. november 2009

Kvardagsglede

No er eg komen heim og har tusla og pusla rundt i huset, kveikt stearinlys, gjort kvardagssyslar, laga og ete middag saman med jentene og mannen og funne roa og nyt kvardagsgleda att.

Kaffikoppen er fylt med mjølk som er skumma, kanel og kaffi, mmmmm den har eg og sakna.... No kan den nytast!







Grisane som er kome med på bildet, strikka eg av restane etter lua og pulsvantane til eldstejenta. Bandet rundt er og rest etter ei anna lue eg strikka til ho.


Mønsteret til grisane kan de finne her. Det er Liselotte som nok ein gang deler oppskrift med oss;O)






Då eg kom heim i dag og kasta eit blikk ut av vindauget fekk eg sjå to regnbogar, det var litt av ein velkomst! Er det ikkje gull der bogen endar....... Den eine ser vi tydeleg, den andre skimtar vi i bakgrunnen for den bleikna medan eg henta kameraet mitt.....



Håpar du har ein god kveld!

5 kommentarer:

Bente sa...

Velkommen heimatt!
Håpar opphaldet på Hauglandssenteret gjer at du får da bedre no.

Flotte tilg du har strikka medan du var der, likte grisane dine :)
Ha ei fortsatt fin veke.

KariL sa...

Velkommen heim og masse klemmer fra meg. Ønsker deg gode dagar heime :)

9na sa...

Takk for hyggelig kompliment på bloggen min... Koselig å få skryt.

Maia Brøndmo sa...

Hei Solveig! du lager så fine ting! Det har vært veldig inspirerende å bli kjent med deg.Inspirerende på mange måter, fordi du som navnet på sida di sier - legger merke til så mange hverdagsgleder....... Så fin side du har. her kommer jeg til å titte innom ofte. Klem fra Maia

Bestemor Drillo sa...

Så mye fint du lager! Flott bilde av regnbuen!
Ha en fin adventshelg!!