Det er berre heilt fantastisk å vere ute å gå tur i desse nydelege haustdagane vi har hatt dei siste vekene.
Husa her på Hauglandssenteret fasinerer meg. Dei minner om sjøbuer, men er i gule, raude, grøne og grå fargetonar. Eg trur eg må ta fleire bilete av dei og "vise dei fram"
Og i dag starta eg med første tur kl 07.30. Ein fin start på dagen, deretter kunne eg gå inn å ete frukost og drikke ein god kopp kaffi. Luksus! ;o)Vidare var det å legge turen til gymsalen og avspenning i ein halv time, det var litt vanskeleg å stoppe tankane, men det blir nok også betre når eg har gjort det nokre gangar;o)
Eg har og lært å bruke stavar rett når eg skal gå tur, det gjev betre trening og auka kondisjon seier dei her, så det er berre å ta laust..... Eg merkar at farten aukar når eg brikar stavar, det kan og vere bra;o)
Men då er det og godt å kunne sette seg ned og la auga kvile på nydeleg natur, vatn og la tankane komme og gå... Det gjev ro og gjer godt!
Ha ein fin kveld!
2 kommentarer:
Nydelege bilder!
Ynskjer deg eit fint opphald på Hauglandssenteret, nyt dei fine dagane!
God helg :)
Vil ønske deg eit fint opphold på Haugland senteret. Eldste jenta var der på leirskule for mange år sidan, eg var med. Nydelig plass, fine bilder du har tatt. Ha ei fin helg.
Legg inn en kommentar