Vi er heilt avhengig av vatn, i vert fall eg. Eg drikk nokre liter vatn for dag, eg drikk kaffi og te... laga av bla vatn, vi vaskar oss sjølve, klede, tinga, bilen og husa våre med vatn.
Vi trenar i vatn, leikar i vatn og sprutar (i) vatn. Eg har sømt i nesten 45 min i dag og så kunne eg gå inn i det varme bassenet å prøve noko nytt i vatn: Avspenning;o)
Det var fantastisk! Ei pølse under baken slik at eg flyt, liggande på rygg med berre nase og munn over vatn. Vi kunne disponere det varme bassenget i 45 min. Det var nydeleg å berre ligge der og kjenne på pusten og la tankane komme og gå...... og vips så var dei 45 min over!
Eg gledar meg allereie til neste økt med avspenning i vatn, og det er berre to dagar til;o)
Ha ein fin og avslappa kveld!
4 kommentarer:
Det høres godt ut! Er ikke det en kvardagsglede så vet ikke jeg :o)
Høyrest herleg ut.
Mange flotte bilder frå Hauglandssenteret.
Kjempefin plass.
Har vore der mange gonger, mest som søndagstur for å bade i bassenga.
Bur berre ein ein kjøyretur utover fjorden og ferja over :)
Tusen takk for hyggelig kommentar og velkommen til adventslotteri! Flotte bilder du viser og forøvrig en koselig blogg! Ha en fin og avslappende uke;)
Planlegging av tur er påbegynt. Ha en god tirsdagskveld :)
Legg inn en kommentar