I går kveld var eg på englevake på Kreativiteten. Det var kjekt å kunne vere saman med gode vener, velje mellom å sy, strikke eller hekle englar. Spleiselag gjorde at vi kunne nyte god mat saman. Perfekt slutt på veka og god start på helga: handarbeid, gode vener, latter, lett prat og god mat.....

Eg gløymde nesten å ta bilete, eg fekk teke to, skulle ta nokre fleire, men så skulle eg berre gjere noko anna først, og då var kameraet gløymt.....;o) Eg fekk teke bilde av dei englane vi strikka og dei vi hekla. Dei sydde englane var frå denne
boka.
Dei strikka englane skal tovast og er
dei eg lagde før jul.
Som de ser er bordet fylt med oppskrifter, engar, symaskin og anna nødvendig utstyr, til ein god kveld...

Oppskrifta på dei hekla englane fann eg på
denne bloggen. Dei vart godt motekne av dei som hadde teke turen på bua i går. Det var mange som plutseleg visst kva restegarnet kunne nyttast til;o) Det er kjekt å kunne finne gode oppskrifter på bloggar rundt om. Kjekt at nokon så gjerne deler oppskrifter og idear med oss andre.
No er det helgesyslar som skal fylle resten av dagen. Rydde litt, det må til i eit hus for 5 ........
Så skal det lagast til mat til familieselskap i morgon. Det skal bli kjekt å få vere saman att. Då er det latter, god prat og god mat i vente, mmmm eg gledar meg!;o)
God helg!
4 kommentarer:
Så koseleg!
Det er kjekt å komme sammen og lage ting ilag, både for inspirasjonen og det sosiale samværet.
Ha ei fortsatt fin helg:-)
Det er alltid koselig å komme sammen. Ha en fin kveld :0)
Så fint at dere hadde en hyggelig kveld sammen og at englene falt i smak :)
Legg inn en kommentar