onsdag 20. januar 2010

Hell i uhell......


Helga har vore kjekk og travel. Feiringa med familien var, som alltid kjekk. God prat og god mat i kjekt selskap gjer alltid godt.
Sol og vinter er det framleis.Kulden har kome att, men ikkje like streng som i starten av januar.
Fredag ettermiddag kom det ein merkeleg, intens "yling" frå vaskerommet. Vaskerommet ligg rett ved sida av kjøkkenet og rommar mykje. Vaskemaskin og tørketrommel er sjølvsagt. Varmepumpe inkl. varmtvasstank. Frysaren er og der, den er perfekt høgde til meg når eg skal skjere i stoffa mine;o), og sist, men ikkje minst rommar det sykroken min!


Tilbake til lyden som kom frå ovannemnde rom. Mannen lokaliserte den og den kom frå Kjøleaggregatet til kjøleboda vår. Etter litt dunking, av og på med straum og kikking bak dekselet måtte vi berre la straumen vere av og var no utan kjølerom. Når ein er vand med å har det, vert kjøleskåpet svært lite og med førebuing til selskap var det dårleg ”timing”.

Hell i uhell, er det at det framleis vinter og vi har ein altan i 2. etg. og vi har framleis kjølerom. Det ser ut til at det må brukast ei tid då reparatøren glimar med sitt fråvær…..

Når ein likevel måtte flytte maten ut, var det ein god ide å få rydda kjøleboda tenkte min kjære, så måndag ettermiddag rydda han ut av rommet, eg sorterte med ”hard hand” og etter ein vask av han:o, kunne litt mindre ”må ha på lur” leggast inn att i hyllene. (det er også oppbevaring av boksar, glas og andre ting eg vil ha i nærleiken.)

Inspirert av ryddinga måndagen gjekk eg i gang med sykroken og rydda i stoff, halvferdige prosjekt og ting som i løpet av desember og januar berre var lagt inn på benken i påvente av…. , ja kven veit kva;o)



Kroken er ikkje så stor, men no er tinga på plass i hyllene att, og eg kan sette meg ned å sy utan å måtte legge vekk ting. Eit syrom skal vel ikkje vere heilt ryddig??? Litt kreativ uorden er nødvendig og til inspirasjon, tenkjer eg…. ;o)
Så no er eg klar til å sy att, berre rygg og høgrefoten vil vere med på det…. Kanskje eg skal prøve litt i løpet av dagen, for lysta er på plass att…. Vel, eg får sjå kva dagen bringar;o)

Ha ein god dag!

1 kommentar:

Bente sa...

Der ser du, aldri så gale at det ikkje er godt for noko :)
Kjekt at sylysta di er på plass, håpar det går bra med både rygg og fot slik at du får kose deg i sy-kroken din.
Ha ein fin kveld.