torsdag 25. februar 2010

Ferielukke....

Vi har vore heldige å hatt besøk i vinterferien. Eine søskenbarnet til jentene har vore her, så eg har omtrent ikkje sett dei to minste, og gjesten;o) Dei putlar på med sitt, inne og ute, og kosar seg i kvarandre sitt selskap. Til og med veslegullet har fått vore med dei, det er ikkje alltid like populært..... Eg meiner å minnast noko der..;o)

Eldste og venninna har imponert, dei har no måla veggar og møblar og i går kveld kunne mannen i huset hjelpe å bære inn att seng, møblar m.m. Det er blitt så lyst og lekkert! Ho sjølv er ikkje heilt sikker på om det var rette nyansen... Det er vel ofte slik at en blir usikker på om det var rett.... ;o) I dag kan ho sjølv få putle på å sette ting på plass og pynte. Det er kjekt det! Så spørs det om vi ikkje må ein tur til by'n å sjå om vi finn nye gardiner...

Eg har kosa meg med lydane av ungar i hus, berre litt overdose av Disney Chanel skravl....,;o) Lyden av ungar som pratar, ler og kosa seg er no mykje kjekkare!!
Eg fått baka litt rundstykker og dei smakte godt, om eg skal seie det sjølv;o) Litt kos må vi har i ferien og lukta av nybakt og smaken av nybakt er berre heilt fantastisk!!

…Og så greidde eg ikkje å halde meg, men plukka fram nokre nøste, frå lageret;o), måtte berre prøve, å sjå om det kunne verte noko. Eg trur det, eg ser at eg no er inne i ein raud-oransje-periode......

I går kveld vart det så spennande at eg måtte plukke fram Folklore-fjernsysns-strikket slik at eg kunne følgje med på stafetten. Det er kjekt at dei fekk medalje. Snart må eg finne eit nytt fjernsyns-strikk, for den nærmar seg montering;o)

Planen i dag er litt saum, kafébesøk, litt shopping og så tenkjer eg dagen og dosen er full;o)

Ha ein nydeleg dag!

1 kommentar:

KariL sa...

Mmm... her kjenner eg mange lukter, nybakt og nymalt og i tillegg enda eit nytt strikkeprosjekt. Her går det unna.