tirsdag 23. februar 2010

Flettemette;o)

  Det er så kjekt å strikke raglan!


* Då er det berre 4 trådar å feste og nokre få sting under erma;O)
* Plagg med raglan eller rundstrikk er også gode å ha på, ingen klumpar under armane inne i uteklede;O)
* og ingen montering;O)



Jakka er ferdig til å ha over finkjolen eller tunikaen.
Blandinga av Alpakka og Kid Silk frå Garnstudio gav ein nydeleg varm, djup raudfarge;o)
Den var kjapp og grei å strikke med pinne nr 5 og perlestrikka kant rundt framstykka og hals. Nede på erme og bol blir det ein fin kant av flettestrikket så det er ikkje nødvendig med meir pynt.

Flettestrikk var kjekt så der spørs om eg ikkje skal sjå i lageret, eg veit at eg har litt der.... Eg trur og at det er tråd til ei jakke.... og så har eg sett eit mønster som eg likte og som eg har på lista over prosjekt eg har lyst å lage;o)

Eg er så glad eg har den lysta, den gjev mange gleder!

Ha ein strålande vinterdag!

4 kommentarer:

KariL sa...

Nydelig jakke. Heldig er den som får denne. Spørs om ikkje eg har lyst å strikke ei slik ei til barnebarnet mitt. Kvar har du fått tak i mønsteret?

Ha ein forsatt fin dag i solskinet!

Bente sa...

Denne jakka var lekker!
Flettemønster er flott, og ja, raglan er aller best å ha på.
Du er flink til å strikke.

Ha ein fin dag vidare.

Flittige hender sa...

Kjempe lekker jakke, flott flettemønster.

Anonym sa...

Nydelig!
Inger Anne ( http://ingeranne.sprayblogg.no )