mandag 22. februar 2010

Så langt, og ikkje lenger.....

....i vert fall ikkje på ei stund.

Eg har fått bestilling på ei veske for leeenge sidan. Ho som skal få den har tolmodig venta. No kan eg sitte å sy i korte periodar, med nok pausar er det utruleg kva ein kan få til, berre ein vil nok....;o)


Stoffa i veska er frå lageret og i dag då eg skulle få fatt i resten, fann eg ikkje mørk brun "ruskinn". I butikken var det berre ein raudbrun farge og det passar ikkje.... Ja, ja då får det ligge til ho får det inn att. Eg ville ikkje ta ut stoff til fór og kantar før eg ser det saman med det mørke brune.

Det er ikkje så gale, for eg har no andre prosjekt som kan rykke opp...;o)

Her i huset er det ”heime-vinterferie”. Eldste har lenge hatt ynskje om å måle rommet i ein lys farge, og no VIL ho. Stova er dermed blitt lager for møblar, ting og tang medan ho og ei venninne er i gang med rommet. Ho vil male det sjølv og i kveld er altså rommet tømt og vaska. No høyrer eg at dei er i gang med maskeringstapen og så er det sparkel og pussing før målingsrullen skal fram i morgon. Det blir spennande!

God kveld til deg!

1 kommentar:

KariL sa...

Driftige jente du har ,du må ynskje ho lukke til. Nydelige fargar du har valgt til veska.

Ha ein fortsatt god kveld!