lørdag 6. februar 2010

Go' laurdag...

......heimelaurdag, god tid, ingen planar, fridag for alle;o) nydeleg!!!

Veslejenta og eg vakna tidleg, det gjer ingen ting. Vi vaknar til nok ein nydeleg solskinsdag.  Ho koser seg med barne-tv, eg med handarbeid, te og radio. Roleg start før dei to siste kjem ut av dynene til frukost.

Medan eg lagde frukost kom eldstejenta ut på kjøkkenet, plukka fram steikepanna, ein mugge frå kjøleskåpet, med eit stort smil om munnen;o) Ho hadde laga røra til pannekaker i går, og det heilt utan at vi viste det, no steikte ho dei til frukost, .....Mmmmmmm godt med honning på, til kaffikoppen;o)

Litt meir kaffi i koppen, popquiz på radio og handarbeid, eldste frys på hendene og mamma kjøper tråd og plukkar fram strikkepinnane som takk for gode pannekaker...;o) Klart at ho ikkje skal fryse, det må vi gjere noko med, håpar dei kan bli ferdig til ho skal gå avisrunda si i morgon. Eg fann oppskrifta her.
Ho har bestilt eit par til, flettevottar så eg har kikka rundt og funne ei oppskrift til, som er godkjend, men med nokre endringar....., kjenner meg att, gitt...;o)

Eg har til og med fått sy litt på symaskina, det er veldig kjekt, små etappar og venstrefoten på pedalen, litt uvant, men alt går når ein berre vil....;o)
Så vart det valet kval... kva for eit stoff skal eg velje på toppen av rutenettet.... hmmmm, vel no ligg det på frysaren og go'gjer seg og eg er innom å ser på det i ny og ne... Kva trur du??

Dagen blei runda av med ein god pai. Eg fann ei oppskrift som eg gjerne ville prøve ut og jammen fall den i smak, den skal no få komme inn i oppskriftsboka for denne skal vi prøve fleire gangar. No er det sofa, vottestrikk og fjernsyn, god avslutting på ein god dag!

Go' laurdagskveld til deg!!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjempe flotte vottar, vart igjen veldig inspirert av bloggen din. Har no byrja å strikke vottane, eg måtte bare ....

Kari

Marina sa...

De ugleluffer er da simplethen bare for dejlige SUK.