tirsdag 9. februar 2010

Småstrikk

...det passar så godt med småspøt no. Det kan eg putle med både sittande, gåande og ståande, nett som Besta gjorde;o) Frå barndomen huskar eg at vi hadde ei nål-liknande sak som ein tredde nøstet inn på, så kunne ein henge det på kleda og ha spøtet med seg når ein gjekk. Til og med Besta brukte det når ho skulle på Støylen og når ho såg etter kyrne, men det var no lenge før mi tid.....;o) Det var alltid bruk for sokkar og vottar.
No er det meir spøt for kosen sin del og fordi vi har lyst å gjere det, når gulla treng noko for å halde varmen. Her er uglevottane ferdige og dei er som sagt tekne i bruk. Det spørs om ikkje eg skal lage meg slike, når eg har bruk for vottar att eller har lyst på nokre nye....;o)

Det andre paret er og ferdig, Dei og var kjekt å spøte, nok eit lett mønster å følgje. Eg brukte Drops sin Alpakka, dobbel tråd og pinne nr. 4,5 då vart det nett passeleg til ein fjortis;o) Fargen er raud-rosa, ein skikkeleg gla'farge.

Eg trur nok at eg og kjem til å spøte slike til meg og, men då må eg nok ha tjukkare tråd og pinne nr. 5 som i oppskrifta skal dei passe.

Det vart litt restetråd etter uglevottane og så hadde eg ein rest med turkis i restekorga, og då såg eg mitt snitt til å bruke det til ei lue til minstegullet. Ho har av og til hestehale og eg fann ei oppskrift som såg kjekk ut. Eg pynta den med ein hekleblome. Då fekk eg bruke opp mest mogeleg av garnet, og lua vart litt meir jentete;o)

Mellomstegullet såg seg og nytte i ei slik lue. Vi var ein tur i restekorga og fann grøn og turkis tråd, så i dag skal eg legge opp til den lua. Eg håpar at eg og kan sy litt meir på hjerteprosjektet mitt. Toppen er ferdig, vatt og bakstykke er skore til så det er berre å leike seg med frihandsquilting før lukkekanten.

Sola skin, så det fristar og med småturar i sol og vinterluft, og når eg kjem inn er det varmt og godt med fyr i omnen og lydbok i spelaren og handarbeid på gang.... Jau, det blir nok ein god dag også i dag!


Håpar du og har ein god dag!

2 kommentarer:

Merete sa...

Så fine ting du strikker! Det er koselig med småting som blir fort ferdig:o)
Ha en fin dag!
Merete

Siddis-in-houston sa...

Så flink du er å få gjort ting ferdig! Ha en fin onsdag!