Eg måtte jo skynde meg å få lua til mellomstegullet ferdig! Ho trengde den no..... Dei to minste jentene er, saman med resten av ungar og vaksne på skulen/barnehagen, travelt opptenke med framsyninga Fame som dei skal vise til foreldre, søsken, familie og alle andre som vil sjå glade ungar i aksjon;o) Dei siste dagane har dei vore på sena, med kostymer, kulisser og alt som skal til. Håret skal vere i hestehale og då er lua eit must!
Ho var svært nøgd og eg likte godt fargekombinasjonen, det er gla'fargar og passar godt saman. Med Herreavdelinga på radioen, mannen og meg humrande til humoren desse to karane kan få ut av det meste i livet, gjekk det fort å få lua ferdig.
I morgon skal eldste, mannen og eg få glede oss over kva dei har fått til. Det spørs om eg ikkje må ha med lommetørkle, tårene kjem snikande når eg ser kva alle dei flotte ungane kan få til. Stolt mor med tårer i augekroken og klump i halsen;o)
God dag til deg, håpar den blir bra!
1 kommentar:
Flott lue du har strikket, koselig farge også :-)
Legg inn en kommentar