I alle fall blomar, vakre blomar og jammen eit hjerte og;o) Eldste er i gang med gjærdeig så det skal bli bollar med krem og rørt bringebærsyltety, mmmmmm.... eg får vatn i munnen berre med tanken. Å det er så godt å ha ungar som har lyst til å bake og lage mat! Det gledar eit morshjarte ;o)

Eg tenkte litt på korleis eg ville at jakka skulle vere og kikka på forskjellige fletter, kva skal eg ta.......
Raglanerme er ein favoritt så det skal det vere. Vil du ha rund eller v-hals? Eg vil ha v-hals kjem det frå gullet!

Pinne nr 5 og dobbel tråd så det går fort;o)
Strikkeprøva den gjorde eg meg ferdig med i går....;o) Då har eg kontroll på kva ant. masker eg treng for å få den vidda vi skal ha. Ja, for eg fann ikkje eit slikt mønster som passa med det eg har i tankane..... og så er det så kjekt å lage eit sjølv;o)
God søndag! .....nyt den med litt søtt til:o)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar