lørdag 13. februar 2010

Laurdagslukke..



For tida er det godt å ha nokre dagar då ein ikkje skal noko spesielt. Då ein kan vakne tidleg, men snu seg å sove litt til og stå opp litt ut på morgonen. Det er ikkje alltid eg klarar å sovne att, men i dag var det visst nødvendig;o) Glade vaksne og ungar rundt frukostbordet, få planar, berre gjere det ein vil.....

Pusle rundt og plukke opp litt småting, legge dei på plassen der ein finn dei att når ein treng dei..... Putte småjentene i badekaret og høyre leiken, små-krangling, eller søskenkjærleik ;o) Sette seg ned med tekoppen og vandre litt rundt på nett, det passar meg fint i dag. Kunne sitte å berre vere er og godt, det treng eg av og til.....

I går kveld til OL-sendiga sydde eg ferdig desse. Eg likar best å sy lukkekanten til for hand og det blir alltid dobbel lukkekant på det eg lagar. Ein gang kan det hende at eg vil prøve noko anna, men enno er det handsaum som gjeld, ingen har overtydd meg om noko anna.....

Det var kjekt å legge dei på bordet til frukost, det vart ein tjuvstart på Alle hjerters dag, eg vil no helst ha litt hjerteleg kvar dag;o) Det er ikkje alltid det lukkast, men om eg har det i tankane vil eg nok finne noko godt eller hjerteleg kvar dag, det trur eg på;o) Å starte dagen med desse vil nok minne meg på det, kvar dag;o)

God laurdag!

3 kommentarer:

KariL sa...

Dei vart jo hjartegode. Du har slike gode ord. Ynskjer deg ei hjarteleg god helg.

Stina Blomgren sa...

De är super super fina... :o) Älskar färgerna som du valt... skulle passa bra hos mig.. *skratt* Måste kanske göra såna här...Hmmm... :o)

Unknown sa...

These are so very pretty, well done on a great finish.