For tida er det godt å ha nokre dagar då ein ikkje skal noko spesielt. Då ein kan vakne tidleg, men snu seg å sove litt til og stå opp litt ut på morgonen. Det er ikkje alltid eg klarar å sovne att, men i dag var det visst nødvendig;o) Glade vaksne og ungar rundt frukostbordet, få planar, berre gjere det ein vil.....
Pusle rundt og plukke opp litt småting, legge dei på plassen der ein finn dei att når ein treng dei..... Putte småjentene i badekaret og høyre leiken, små-krangling, eller søskenkjærleik ;o) Sette seg ned med tekoppen og vandre litt rundt på nett, det passar meg fint i dag. Kunne sitte å berre vere er og godt, det treng eg av og til.....


3 kommentarer:
Dei vart jo hjartegode. Du har slike gode ord. Ynskjer deg ei hjarteleg god helg.
De är super super fina... :o) Älskar färgerna som du valt... skulle passa bra hos mig.. *skratt* Måste kanske göra såna här...Hmmm... :o)
These are so very pretty, well done on a great finish.
Legg inn en kommentar