fredag 19. februar 2010

Skal, skal ikkje....

Ja slik stod eg i går og eg let meg lokke......

Eg kikka og kjende på mjuke og gode kursmodellar og ....eg syntes synd på meg sjølv!
Eg får ikkje vere med på kurs med Helle C. E. Løvenskiold:-(:-(
Eg har sett fram til dette sidan eg fekk vite at ho skulle komme hit, med ein rygg som for tida ikkje er heilt god så går det ikkje å sitte ei heil helg å sy.
Eg håpar at eg kan få mogelegheit til å gå på kurs med ho ein anna gang;o) Og eg kjem ikkje til å klare å halde meg heilt vekke, eg skal stikke innom for å sjå på, kjenne på! det dei heldige kursdeltakarane får sy. Siktar eg meg inn på ei pause får eg gjerne med litt god prat og latter;o) i same slengen.

Vel som plaster på såret kom den med heim saman med vatt, tråd og anna nødvendige saker;o)
Andre i Bloggland feirar medaljane med tråd og stoffkjøp og då fekk eg endå ein god grunn til å mi eiga gåve…..
Og berre tenk på alle dei kjekke stundene eg får med å sette saman stoff, sy og nyte det ferdige resultatet;o) Nei, eg har ikkje dårleg samvit, sjølv om det er rikeleg med stoff på syrommet....

Ei anna trøst er denne nydelege blomen som Laila hadde med seg til meg. I tillegg fekk eg sjå, og ta på;o), dei stoffa ho tenkjer å bruke i helga. Eg gleder meg til å sjå korleis det blir når ho får sydd saman blokker.

Jau då, eg har det bra! og no skal eg ein tur på syrommet. Det er ei veske som ventar, så stoffrullen skal få ligge litt, og det inspirerer å sjå på alle dei fine stoffa;o)


Pass på å ha ein god dag!;o)

Ingen kommentarer: