onsdag 17. februar 2010

Inspirasjon

Eg kjem alltid til å glede meg over lyset og fargane som eg kan sjå frå stoveglaset. Ingen dag er lik og grått er ikkje berre grått.....

Det er to bøker som eg har hatt på ønskjelista, men så er dei ikkje å finne her i Florø, for spørsmålet frå mine kjære kjem gjerne rett før dei skal på by'n........

Då eg fann dei på ein nettbokhandel, tenkte eg at eg at det var ei flott gåve for pengane eg fekk frå Svigers til bursdagen min for litt sidan;o)

Og for nokre dagar sidan kom dei. Det var ei god stund, då eg bladde gjennom dei og kunne sjå på alle dei vakre stoffa, fargane og få tips til tepper. Bøkene kjem nok til å ligge framme for eg har stor glede av å  "ha dei for hand" kikke i dei, lese litt og nyte fargane. Eg har ikkje sydd store tepper til no, eg "trur" at det er stort og vanskeleg å arbeide med......,  vanskeleg å quilte...., tek lang tid..., det er så mykje eg har lyst å gjere...., og så ....... ja, er det nokon som kjenner att argumenta?
Men  når eg bladar gjennom desse bøkene kjem lysta til å prøve:o)

Inspirert av fargane og lysta til å lage noko med ein gang! laga eg denne. Nei det er ikkje eit stort teppe, men det er kjekt å kunne få noko ferdig på dei små stundene eg kan ha med symaskina. Det er mange småprosjekt som lokkar, lista er og blir lang.....;o)

Ha ein god og fargerik dag!

3 kommentarer:

Laila sa...

Søt korg. Det er kjekt å lage noko som blir fort ferdig, men du skal ikkje kvi deg for å gå i gang med eit stort prosjekt. Som regel er dei store teppa også sydde i "små porsjonar". Det er i dei siste samansyingane at det blir lange saumar. Og når det gjeld quiltinga, er det mange flinke quiltarar "der ute" som meir enn gjerne tek den jobben. Tru meg, akkurat her veit eg kva eg snakkar om.. :)))))

KariL sa...

Takk for sist. Korga var kjempesøt, og eg var også den heldige mottakern. Gjett om eg vart glad for den. Herlige fargar og innholdet er eg storbrukar av.
Klem fra KariL.

mreteveian sa...

Noen ganger trenger en bare slike skjønnheter som inspirerer til å sy, - uten at det behøver å bli stort og likt. Jeg har den øverste på nattbordet for fargeglede i hverdagen.

Jeg vet ikke om du har fått med deg at de (hun)har en blogg (har ikke saumfart sidemenyen)...
http://materialobsession.typepad.com/material_obsession/

Veldig hyggelig.