søndag 28. februar 2010

Søndagstur;o)


Fire damer på tur med glimt i auget og ei mål for turen; Desiree Lappeteknikk! Nydeleg vintersøndag med sol, snø og mange som skulle på skitur......

Her er vi i Naustdal og sjå fjorden, det er nesten som den kokar.... Frostrøyken ligg som ull eller bomull. Vakkert!

Å komme inn dit med rom på rom med stoff, eige lokale med utstyr, mønster og bøker er eit eldorado for oss som er stoffavhengig......
Og med ekstra meter på kjøpet om ein handlar over kr. 600,- så kom det litt " gratis" med i posen...... Det var nokre kjekke timar med mykje: ååå, sjå her, var ikkje dette fint, så skal eg berre ha......

Så no sit eg med skattane mine og har hovudet fullt av alle dei nye prosjekta, og tenk to av stoffa er allereie kome i vaskemaskina.....Kan ein ha det betre;o)

Om litt kan eg og pynte meg i Folklore strikk. OL-sendinga i går kveld gjorde til at den no er montert, trådane festa og ligg til tørk. Knappar må eg kjøpe, men truleg kjem den i bruk før eg får sydd i dei.

Ha ein framleis strålande søndag!

1 kommentar:

Orlaug sa...

Hei på deg!
Takk for koseleg kommentar....kjekt at du stakk innom til meg..
Fleire flinke sy- og strikkedamer i Florø, skjønar eg (og mangt anna kan de visst, òg..)
Fin blogg du har!
Ha ein strålande dag i finvèret.....reknar med det er sol i Florø òg...