tirsdag 2. februar 2010

Vakker vintermorgon

Det er nesten dagslys når vi tuslar av garde til skule/barnehage. Klokka nærmar seg halv ni og gatelysa sloknar. Det er så godt at det går mot lysare tider, vi merkar det godt når vi er ute å går kvar morgon til same tid;o)
I det vi kom opp til skulen møtte denne vakre utsikta oss..... Det gjer godt for humøret med ein slik flott start på dagen!

I går kveld kom ei blomsterpike innom med denne rosa, nydeleg innpakka!
Det var ei lita helsing og takk for innsatsen min i husflidslaget sist år. At nokon tykkjer at eg skal få blomar varmar, og eg gleder meg og nyt synet kvar gang eg er nær.

Berre sjå kor vakker denne er og for ein fantastisk farge! Tusen takk!!

Ha ein god dag!

1 kommentar:

KariL sa...

Denne rosa fortjente du. Ha ein god kveld :)