tirsdag 16. mars 2010

Blanda drops

Eg putlar med vårfargar og har laga klar to brikker som berre manglar lukkekant. Lukkekant er temaet på Kreativiteten i dag. Løparen vi starta på sist torsdag skal i dag få lukkekant. Eg har lova å vere der å vise korleis eg gjer det og hjelpe dei som ynskjer det.

Eg brukar dobbel lukkekant. Den er også klar. Eg tenkte å sy kanten  på den eine brikka før eg tek den med meg, samt starte med handsaumen slik at det er enklare å vise og forklare.

Eg har brukt av dei same stoffa som eg brukte til løparen, med litt attåt....

I den avlange brikka har eg brukt restar frå materialpakkane til løparane som vart sydd sist torsdag.

I den firkanta brikka er det og ei blanding av restar, både mine og frå Kreativiteten, samt min eigen løpar.

Det er kjekt å berre kutte litt, starte å sy og sjå kor det endar. Med ein miks av litt forskjellige og litt av dei same stoffa blir det fine, vårlege dukar på kjøkkenet;o)

Saman med dei nye egga mine, også av restar....;o) blir det rett og slett påskestemning på kjøkkenet. Det er kjekt å kunne bruke opp litt av restane som er i garnkista og stoffskuffer... då blir det blanda drops;o)

Ute snør det framleis...:o( men inne er det vårstemning.....

Ha ein fin dag!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Det var fine brikker, likte fargene veldig godt.

Bente sa...

Fine vårlege brikker, og søte påskeegg.
Ja,dette skaper påskestemning på kjøkkenet.

Ein fin dag til deg og :-)