onsdag 17. mars 2010

Kvardagslukke

Ein ny og ubrukt dag, eg har traska gjennom våt, blaut snø på morgonturen min. Det gjer ingenting for då blir det ganske snart bar bakke og grønt og .... nei eg skal ikkje gjenta det fleire gangar....;o)

På kjøkkenet lyser dei nye brikkene mot meg. Lukkekantane er på plass. Det gjekk som ein leik og var i grunnen fort gjort i kjekt selskap. Først ei kjekk stund på Kreativiteten, så heim i sofakroken med Herreavdelingen på radio og med selskap av mannen;o), .....ikkje så verst det heller....;o).

No har eg nesten bruk opp stoffa til dette settet, av nokre strimlar laga eg korga bak i venstre hjørnet på bildet, Eg har litt restar att, skal tru kva dei kan brukast til.... Glasbrikker, mapper, gryteklutar...... får sjå kva som dukkar opp.....

I dag er det grått og vått ute, så eg kan med godt samvit pusle med kreative syslar og nyte den gode Kusmi teen min. Ingen planar berre ein heilt ny ubrukt dag, luksus!

Ha ein fin dag!

Ingen kommentarer: