torsdag 25. mars 2010

Påskeførebuing....

Denne veka er noko prega av at det snart er påske. Både skulen, barnehagen og 4H har påskeaktivitetar no.

I går var eg verkeleg i vårstemning, så då vart det fyrst planta litt nytt i krukkene. Litt forskjellige påskeliljer, tusenfryd og stemor prydar no inngangen og det gjer godt å kaste eit blikk på dei i farten, ut eller inn av døra;o)

Denne blomen har gledeleg nok overvintra i eine krukka og no er den full i knoppar sjølv om den har fått hard medfart...

Kvelden i går brukte dei to eldste jentene og eg saman med resten av gjengen i Krokane 4H.
Det var eldstegullet og eg som stod for aktiviteten og vi fann ut at vi kunne ikkje komme forbi påskeegga. Vi handla inn isoporegg, og fann fram filtenålene og ull i gode fargar og filta nokre egg.

Jentene våre trylla og fram dei kuuuuulaste påskekyllingane i år! Dei vil gjere seg godt saman med ei høne eg fann i boka Vårgleder
Eg har eit fantastisk, uroleg! utruleg grønt stoff som eg har tenkt skal bli høne.....;o)

Vi pynta og nokre sinkbytter med decoupage. Dei blir fine til lys eller ein liten stemorsblome eller ein gul ildtopp.

I dag er det mellomste som saman med si klasse og klassesteget over som skal vise fram påskespel til familien sin. Jenta vår skal spele på klokkespel og synge, så vi er alle spente og gleder oss til framsyninga.

 
I morgon er det påskefrukost i barnehagen. Den tradisjonen har vi vore med på heilt frå då eldste var i barnehagen, i år er det siste gangen. Det er rart å tenkje på at vi frå hausten av berre har skulejenter.....

Ha ein fin dag!

1 kommentar:

KariL sa...

Så mykje fint dokke lagar. Pottene dine var nydeleg pynta. Lykke til videre med pyntinga, for du er vel ikkje ferdig endå?