mandag 8. mars 2010

Søndagsyslar

Søndagssyslar i familien er forskjellige..... og for meg varte dei også til i dag;o)

Eldste jenta sel aviser på søndagar og ho måtte berre laga dette før ho gjekk ......Det kan snart fyllast opp i sparebøssene;o)

Dei to yngste kosa seg ute og plukka fram gulrøter, skjerf og luer......

Mannen hygga seg med musikk og plukka fram plater frå syttitalet. Han har ei rikhaldig plate/cd samling og anlegget lagar go'lyd;o) Til glede både for han og meg.

Eg kunne nyte hans musikk medan eg sydde denne veska. Eg kom så langt, den manglar berre kanten oppe, men eg manglar to karabinkrokar.
Medan eg ventar på å få tak i dei kan eg starte på neste prosjekt som eg tenkte kunne vere den mykje omtalte duken/teppet til Helle C. E. Løvenskiold.......

I Florø har det regna no i eit par dagar. Det er kjekt og ikkje så kjekt... Kjekt for at snøen vil forsvinne, men i nokre dagar er det vått og vanskeleg å komme dit ein vil om ein ikkje vil vasse i våt snø.

Pytt pytt, eg tek på meg eigna skoty. Då kjem meg som oftast dit eg vil, og elles er eg inne med kjekke syslar og gleder meg til våren!!!

 
Ha ein god kveld!

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for at du la igjen en hilsen på bloggen min!
jeg har lagt meg inn som følger hos deg. Det skal bli koselig!
Jeg er spent på å se ferdig veska di :-)