onsdag 24. mars 2010

Titt tei....

Her er endå ein bedårande, unyttig liten sak kun til pynt og glede!.....

Til liks med egga er denne karen kun til glede, lite til nytte, om eg hadde brukt tynnare tråd kunne den vore ein eggevarmar..... Men eg har igjen brukt restetråd og då vart han slik, ein liten bedårande kar som skal få vere med framover til påske.

Det er nok ein ny dag med stråande solskin og gradestokken viser nokre plussgrader, og kryp stadig oppover;o). Då kjem lysta til å plante nokre vårblomar i krukkene ved døra.

Størsteparten av plattingen er fri for snø, så kanskje eg kan koste litt og finne fram to hagestolar til solkroken og ei krukke med vårblomar og så der.....:o) Eg trur eg kan trenge litt sol i kjakane, eit handarbeid i hendene og ein rykande varm tekopp,  mmmm det freistar;O)

Ha ein god vårdag!

1 kommentar:

KariL sa...

Det var ein koseleg kar. Kos deg i solveggen!
Ha ein fin dag!