onsdag 3. mars 2010

Vårsaum.....

Vel, eg lengtar altså mot vår..... og no har eg funne fram stoff med vårfargar og blomar og syr "løper på ein kveld". Toppen sydde eg saman i går, og la på blonder og band som eg skal kose meg med å sy på i dag;o)

Løparen skal vere modell til ein kveld i Kreativiteten der vi skal sy denne. Det trur eg blir ein kjekk kveld med mange froskjellige løparar alt etter kva blonder og band ein pyntar med. Eg gleder meg til den!

Denne vart eg ferdig med i går. På forumet Quilt i Norge har det vore ein påskealong og resultatet var denne løparen. Min er ikkje ein typisk påskeløpar, men resultatet av forskjellige teknikkar eg ville prøve;o)
Dresden platene er sydd på papir på maskin, slik som Helle C. E. Løvenskiold gjer det, og det var kjekt!!! Det blir nok fleire slike på meg, eg tenkte å sy teppet hennar og har snopa stoff hos Desiree til det....
Åhhh, det blir mange kjekke stunder på syrommet med lydbok og gla' fargar!

Gjer dagen din god!

6 kommentarer:

Laila sa...

Så flotte løparar du syr. God idè å bruke dresden plate i staden for kylling. Gjer den endå meir til ein heilårsløpar. Den øverste løparen din ser også lekker ut. Gode vårfargar. Så om ikkje det er så mykje som vitnar om vår ute akkurat no, lyt ein prøve å skape vår inne. Ha ein god dag!

Unknown sa...

Så flott som løperen din ble og at du brukte dresden plate vart jo bare så fint da..

Likte denne kjempegodt..

Ann Tove sa...

Her var mykje flott. Hadde vore kjekt å kunne vore med dåke på Kreativiteten ein slik kveld:)

tubakk sa...

Flotte dresden plate. Artig at du kan sy denne også med maskin.

KariL sa...

Den ble kjempelekker.

Ønsker deg en god dag!
Klem fra KariL .)

Berteline sa...

Lekker løper! Blir vel stas å legge den på bordet:) Ha en fin kveld